I årets adventskalender skal vi presentere dei sju sokneråda våre og fellesrådet, samt nokre av aktivitetane i dei ulike sokna.
Kvart sokn skal ha eit sokneråd med fire, seks, åtte eller ti valde medlemmer, i tillegg til soknepresten, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkje paragraf 9. Soknerådet si oppgåve er å ha ansvar for det kristelege livet i soknet ved å innarbeide og utvikle kyrkjeleg undervisning, kyrkjemusikk og diakoni, jf. kyrkjeordninga paragraf 12.
Sokneråda våre har eit stort ansvar og gjer ein flott jobb!
