Alle rettigheter 2018 Eid kyrkjelege fellesråd

Haarkloufestival 2018 - Konsert i Eid kyrkje


søndag 21. oktober kl. 18.00

 

Haarkloufestival 2018 - Konsert i Eid kyrkje søndag 21. oktober kl. 18.00

Vi inviterer til konsert i Eid kyrkje. På denne konserten blir det framført eit variert program med kor-, orgel- og kammermusikk i hovudsak av Johannes Haarklou, Sogn og Fjordane sin romantiske komponist. Nokre av dei lokale medverkande er Eid mannskor og fiolinisten Miriam Bergset.

Eid mannskor, dirigert av Øyvind Lied, kjem til å framføre korsatsar av Johannes Haarklou, i tillegg til andre, kjende klassikarar. Johannes Haarklou er kanskje mest kjend for musikken for mannskor og orgel, og kantor Ralph Cupper gjev tonefølgje til mannskoret på noko av det dei syng. Cupper kjem òg til å framføre ein sats frå Haarklou sin Orgelsymfoni nr. 2, kanskje hans flottaste verk for orgel.

Johannes Haarklou skreiv romanser for fiolin og klaver. Det gjorde sonen hans òg. Andreas Haarklou var pianist og komponist, og romansene til desse to generasjonane Haarklou vert framførte av fiolinisten Miriam Bergset og pianisten Andreas Løken Taklo.

Sopranen Nora Oleanne Sårheim og pianisten Andreas Løken Taklo, begge oppvaksne i Flora kommune, framfører romanser av Johannes Haarklou med tekstar av Bjørnson, Welhaven, Hamsun m.fl.

Miriam, Andreas og Nora Oleanne er tre dyktige, unge musikarar som alle har fordjupa seg i Johannes Haarklou sin musikk over fleire år, og dei brenn alle for å få musikken hans fram fram i lyset igjen.

Johannes Haarklou er Sogn og Fjordane sin store komponist gjennom tidene. Han levde samtidig som Grieg og var svært aktiv i musikklivet i hovudstaden. I tillegg hadde han fleire turnéar, der han reiste rundt heile Noreg og heldt konsertar i dei minste avkrokar for å få klassisk musikk ut til bygdefolket. Han arrangerte også gratiskonsertar i hovudstaden og i
Bergen for folk som ikkje kunne betale for seg.

Tilbake