DEN NORSKE KYRKJA
Kyrkja i Eid
  Search
Friday, May 18, 2012 ..:: Hjem ::..   Login
  Minimize

Nyheiter

VI INVITERER 6-ÅRINGANE TIL KYRKJA!


I pinsa vert alle som fyller 6 år invitert til gudstenester i kyrkjene. Her får dei m.a. utdelt ei bok som heiter "Tre i eit tre". Les meir om dette HER
-------------------------------------
KONFIRMANTAR I EID VÅREN 2012

Ved å klikke på linken nedanfor kan du sjå kven som er konfirmantar i alle kyrkjene i Eid våren 2012. Her finn du også tid og stad for konfirmasjonane.
Listene finn du ved å klikke HER

----------------------------------------- 

Flott gåve til Kjølsdalen kyrkje!!

Kjølsdalen Sanitetsforening har gjeve nytt teppe i våpenhuset som gåve til Kjølsdalen kyrkje. Også rommet som etter kvart skal bli dåpssakristi i kyrkja har fått teppe på golvet i gåve frå "Saniteten". Vi takkar dei driftige og dyktige sanitetskvinnene hjarteleg for den verdfulle gåva og omtanken for kyrkja!! 
--------------------------

ÅRSMELDINGAR FOR 2011 FRÅ SOKNERÅDA I EID
Sokneråda i Kjølsdalen, Stårheim, Eid og Heggjabygda har halde årsmøter og handsama årsmelsingane for året 2011. Du kan lese årsmeldingane ved å klikke på namna til sokneråda nedanfor:
    Kjølsdalen sokn
    Stårheim sokn
    Eid og Heggjabygda sokn

Årsmelding for Eid Kyrkjelege Fellesråd vert lagt ut så snart den er ferdig handsama

------------------------ 

 
Hovedinnhold Minimize

Velkommen til nettsidene til Kyrkja i Eid!
Her kan du finne informasjon om det som skjer både i kyrkjene og andre stader i sokna i Eid. Du kan finne informasjon om gudstenester, konsertar og andre samlingar, konfirmantopplæring, dåpsopplæring og trusopplæring.
Her finst det også eigne sider med informasjon frå alle sokneråda i Eid, frå fellesrådet, frå prestane og andre tilsette i Kyrkja.
Du kan finne informasjon om kyrkjene, kyrkjegardane og gravstadane i Eid. 
Bruk menyane ovanfor og til høgre for å navigere i nettsidene - og gjev oss gjerne tilbakemelding på innhaldet og brukarvennlegheita på sidene våre! (Kontaktinformasjon finn du i menyen til høgre.)

Klikk på bilete for å få meir informasjon om kyrkjene!

Eid Kyrkje                                    Kjølsdalen Kyrkje

Heggjabygda Kyrkje                     Stårheim Kyrkje

Informasjonen som er lagt inn på desse nettsidene om kyrkjene i Eid er henta frå boka "På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane 1 - Nordfjord og Sunnfjord".  Forfattarar er Margrethe Henden Aaraas, Torkjell Djupedal, Sigurd Vengen og Finn Borgen Førsund.  Boka er utgjeven på Selja Forlag.

 
  Minimize

Trusopplæringa i Eid

For oss i Eid er trusopplæring veldig viktig, fordi saman vil vi gjere Kristus kjend, trudd, elska og etterfylgd. Og saman vil vi ære den treeinige Gud, ved å forkynne Kristus, byggje kyrkjelydar og fremje rettferd.

For å få vite meir om Trusopplæringa i Eid trykk her:
 

  
 
Kontakt oss Minimize

Eid Kyrkjelege Fellesråd
Eid Kyrkjekontor
Sjøgata 90
Postboks 5
6770 Nordfjordeid

Tlf.: 57 86 17 55
Telefax: 57 86 13 22

E-post: kyrkjekontor@eid.kommune.no

 
  Minimize


Den Norske Kyrkja si internettside:

www.kirken.no 
----------------------------------------
Bjørgvin Bispedøme si internettside:

http://www.kirken.no/bjorgvin/

 

  
 
  Minimize
 
  Minimize

 

 
Eid Kyrkjetun Minimize
  
 
Søndagsportalen Minimize

Få daglig bibelvers på mobilen. Send: BIBEL til 1933

 
Powered by LabOra - Agrando AS